HISTORIE 


Det var Ingvald Ingvaldsen og Thorleif Holme som fikk ideen om å starte sjømannsforening i Bømlo.Dei tok kontakt med Vest Karmøy Sjømannsforening for informasjon.
Det vart annonsert og innkalt til etableringsmøte for Bømlo Sjømannsforening, møtet vart holdt på Dahlaneset 2. oktober 2008. Det møtte over 30 personer denne kvelden.
Vi hadde besøk fra Vest Karmøy Sjømannsforening v/ John Ståle Egge og Thorleif Ritland , som fortalde om start og drift av deres sjømannsforening.
Følgende personer ble valgt til Interimstyre:
Bjørn Dahl, Jonas Nesse, Tolleif Hidle, Ingvald Ingvaldsen og Thorleif Holme.
Som vararepresentanter ble valgt:
Kjell Henning Vestvik,Erling Holme og Harry Selsvold.
Styremøte 23.oktober 2008.
Konstituering av Interimstyre:
Formann : Thorleif Holme
Nestformann: Ingvald Ingvaldsen
Kasserar:Jonas Nesse
Sekretær:Bjørn M. Dahl
Styremedlem:Tolleif Hidle

( For nåværende styre, se under fanen "styret")

 

VEDTEKTER FOR BØMLO SJØMANNS FORENING

(endret/godkjent ved årsmøte 2022)

 

§ 1.Bømlo Sjømannsforening vart stifta 2. oktober2008. Foreninga har som føremål å samle sjøfolk og andre sjøfartsinteresserte frå Bømlo og omegn til sosialt og kulturelt samvær. Føremålet skal nåast gjennom å arrangere møte, føredrag og drøftingar i regi av foreninga.

 

§ 2.Innmelding av nye medlemmer til foreninga skal godkjennast av styret og utmelding skal skje skriftleg til styret.

 

§ 3.Medlemskontingenten skal fastsettast av Årsmøtet etter framlegg frå styret.

Dersom eit medlem ikkje har betalt kontingenten i 2 år, vert vedkommande betrakta som utmeld av foreninga. Om same person på ny ynskjer medlemskap i foreninga, skal ubetalt kontingent først betalast før styret kan godkjenne innmeldinga.

 

§ 4.Foreninga skal leiast av eit styre på 5 medlemmer valde av årsmøte for ein periode på 2 år, organisert slik at 3 og 2 styremedlemmer er på val annakvart år. Det skal også veljast to varamedlemer for ein periode på 2 år. For at det skal vera kontinuitet i styret, skal leiar, kasserar og eit styremedlem veljast det eine året og nestleiar og sekretær det andre året. Styret og varamenn kan samla ha ei funksjonstid på inntil 6 år.

 

Årsmøte skal også velje 2 revisorar og 2 medlemmer til valnemd for 2 år, ein kvart år, 6 medlemmer til arrangementkomitè, 3 det eine året og 3 det andre, for 2 år.

 

§ 5.Styret er vedtaksført når minst 3 medlemmer er til stades på møtet. Leiar har dobbestemme om det er stemmelikskap. Styret skal føre møtebok og er ansvarleg for at det vert ført rekneskap i samsvar medgode rekneskapsprinsipp for alle inntekter og utgifter som foreninga har. Foreninga sine bankkonti skal disponerast av leiar og kasserar.

 

Styret skal arrangere styre- og medlemsmøte og er ansvarleg for å kalle inn til årsmøte.

 

§ 6. Årsmøtet er foreninga singste mynde. Årsmøtet skal gjennomførast innan31. januar og innkalling og saksliste skal sendast medlemmene minst 4 veker før møtet. Årsmøtet skal handsame følgjande saker:

Styret si årsmelding om laget sin aktivitet
Revidert Årsrekneskap
Storleiken på medlemskontingenten
Saker som medlemmene sender inn til årsmøtet.
Val i samsvar med paragrafane 4 og 7.

§ 7.Val i foreninga skal gjennomførast l samsvar med reglane i § 4. Dersom det er fleire kandidatar til same verv, skal det vere skriftleg val. Eit tellekorps på 3 personar skal då straks veljast. Alle val vert avgjort med «simpelt» fleirtal.

§ 8.Framlegg til vedtektsendringar skal leggast fram for medlemmene minst 4 veker før årsmøte. Dette kan gjerast ved å sende alle medlemmene framlegget.Årsmøte gjer vedtak om vedtektsendringar med minimum 2/3 fleirtal mellom dei frammøtte på årsmøtet.

§ 9.Dersom det vert gjort framlegg om at foreninga skal opphøyre, skal dette meldast til medlemmene minst 4 veker før årsmøtet. Deretter skal saka fremmast på eit ordinært årsmøte og det er årsmøtet som avgjer om framlegget skal godkjennast. ​​​​​For av vedtaket skal vera gyldig, må meir enn 50% av medlemmene møta og 2/3 av møtedeltakarane stemme for framlegget

Minst 2/3 av dei frammøtte på Årsmøtet kan vedta korleis foreninga sine midlar skal disponerast ved opphøyr.

 

Vedtekter for Bømlo Sjømannsforening, godkjend av Årsmøte 28.04 2022