Medelms møte Bømlo Sjømannsforening 08.04. 2026 kl.18.00. Kuleseidkanalen gjestehavn.

Author:

33 medlemmer stilte.

Kveldens kosør var Marius Fylkesnes, som hadde eit flott foredrag om Lars Johan Fylkesnes, som med ein solid bakgrunn innan fiskeri, hadde eit brennande ønske og eit enormt pågangsmot der han meinte det var gode muligheter til å kunna leva av og driva med opppdrett av aure og laks i skjærgården uttafor heimplassen. Vi fekk ei flott presentasjon av historien fra oppstarten med hardt arbeid, prøving og feiling då Lars Johan Fylkesnes i 1964 stengde av ein våg på austsida av Fylkesneset og sette ut aureyngel i vågen. og den vidare utviklinga av familiekonsernet etter 1985 da det opna det seg ein mulegheit for å re-etablera seg med fiskeoppdrett. Lars Johan kunne dokumentera at han hadde drive med fiskeoppdrett på 60-talet og fekk tildelt konsesjon basert på gamle rettar. til det “Fylkesnes Fisk” slik dei fremstår i dag. Med i foredraget, vart det vist ein flott film som tok for seg historia om Lars Johan,samt intervju med lars Johan og sønnene Rune og Eirik Fylkesnes. Selskapet består i dag av fleire mindre selskap, og har i dag 5 lokalitetar, Soløy, Ospøy, Hiskholmen, Lelandsholmen og Nebbo. Dei har eigne båtar som kan gjera dei fleste jobbane med anlegga, samt er medeigar i Hardanger seafood sitt slakteri på langevåg samt ein bløgge og føringsbåt. Dei har også overtatt Kuleseidkanalen gjestehamn,som dei har lagt ned mykje arbeid i, og fremstår i dag som det flottaste anlegget for servering og turisme i regionen.

Servering for kvelden, stod kafeterian ved kulleseidkanalen for, og bestod av baguetter med kaffi. Etter maten var det utlodning.

sekretær: Normann Larsen.

3 thoughts on “Medelms møte Bømlo Sjømannsforening 08.04. 2026 kl.18.00. Kuleseidkanalen gjestehavn.”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *